Norskekysten er ei verd av kontrastar – frå bratte fjordklipper og vêrharde ytterøyar til lune pollar, sanddyner, tangvollar og stille våtmarker. I denne boka tek Anders Lundberg deg med på ei reise langs heile kysten, frå Østfold til Finnmark, og viser korleis klima, hav, geologi, kultur og dyreliv saman formar eitt av dei mest mangfaldige kystsystema på jorda.
Kystlandskap skildrar ikkje berre naturen langs norskekysten, men viser korleis kultur, bruk og historie gjennom tusenvis av år har forma det landskapet me kjenner i dag. Mennesket har vore ein aktiv del av kysten: Mange av dei naturtypane vi i dag reknar som verdifulle og særprega, finnest berre fordi folk har brukt dei på bestemte måtar.
Gjennom bilete, forteljingar og ny forsking får du bli kjent med lundefugl og havhest på havet, fjørekoll i blomsterprakt, kystlyngheier i eldgamalt kulturlandskap og skjøre ålegrasenger som skjuler eit mylder av liv. Boka viser korleis naturen er i rask endring – med stigande havnivå, varmare hav, artar på vandring og sjøfuglbestandar i dramatisk tilbakegang – men òg kor mykje håp som ligg i kunnskap, skjøtsel og vern.
Kystlandskap
I denne boka tek Anders Lundberg deg med på ei reise langs heile kysten, frå Østfold til Finnmark, og viser korleis klima, hav, geologi, kultur og dyreliv saman formar eitt av dei mest mangfaldige kystsystema på jorda.
kr 499
Utsolgt, men kan bestilles
| Utgivelsesår: | 2026-07 |
| Antall sider: | 175 |
| Fotos – illustrasjoner: | Fargefotos |
| Innbinding: | Innbundet |
| ISBN: | 9788282657709 |
| Språk: | Norsk |
| Forlag: | Dreyer forlag |
| Forfatter: | Anders Lundberg |
Relaterte produkter
-
Marihøner i Norge
kr 380 Legg i handlekurvKjennetegn, utbredelse og levesett
Visste du at vi har så mange som 59 ulike arter marihøner i Norge? Boka gir en komplett oversikt over marihøner i Norge, og egner seg for alle, fra nybegynnere til erfarne fagfolk.
-
Bugwatching
kr 282 Legg i handlekurvThe Art, Joy, and Importance of Observing Insects
Oppdag gledene ved å se på insekter med denne morsomme, informative og fantastisk illustrerte veiledningen.
-
Fugler du kan ha møtt
kr 399 Legg i handlekurvHar du sett en fin fugl og lurt på hva den heter? Hender det at det lander fugler på fuglebrettet du ikke har sett før? Vil du ha besøk av flere?
-
Lavar
kr 649 Legg i handlekurvEn fältguide
Svensk fotoflora over laver. Presenterer ca. 600 Nord-Europeiske arter med nøkler. Den mest brukte bestemmelsesnøkkel for lav i vårt område.




