Elgen gir oss store naturopplevingar og velsmakande viltkjøtt. Samtidig fører Norges nasjonaldyr til tap av menneskeliv i trafikken og skogs- og avlingsskadar for over ein milliard kroner i året. Skogens konge produserer 50-80 liter spytt i døgnet for å fordøye opptil 50 kilo plantemasse. Den gulpar og prompar nesten 100 kilo metangass og gjødslar skogen med eitt tonn med elglort i året.
I denne fakta- og fantasiboka finn du i tillegg til fyldige fakta historier om da nordmenn tilba elgen som gud, og tente godt på salg sav det magiske elgskinnet i utlandet. Boka inneheld også det samiske eventyret om elgen Sarve og himmeljakta, flotte illustrasjonar av Anette Mehl Landmark, bilde av våre fremste naturfotografar og eit elgbibliotek.
I kvart kapittel finst elleville historier, blant anna om spekkhoggarar som sluker elg, om folk som trudde at dyret var ein tiger eller Djevelen, om elgar som spruta kokande vatn på jegerar, om ungoksar som driv med lukttjuveri og tøffelhelten som skremde storoksen.